Wednesday, August 27, 2008

Eg har mange tips, men ingen av dei gjev meining

Meininga med livet. Livet har ei meining. Du er meint å leve livet. I dag. I morgon. Heilt til du døyr. Livet, kva er nå det? Eit sus i vinden, eit pust i sivet. No tek det av her. Kom med ein djup tanke, for eg er tom. Eg er tom for tankar. Andre tankar. Dei har blitt erstatta med ein bris av konstant virrvarr. Men det er bra. Eg er glad. Fri. Eg flyg. Susar gjennom lufta. Virrvarret er spruddel av liv og røre som spinn rundt ein akse i hovudet mitt. Kva er det? Forvirring? Glede? Spenning? Kjærleik? Reddsel? Virrvarr. Eg bruker opp all min kreativitet her. Livet er som ei rose. Rød og rund. For å klatre til toppen, må du klatre forbi mange torner. Men når du til slutt kjem dit du skal, er du omgitt av skyer. Roseblad. Tanke. Kva er ein tanke? Finst det nokon deffinisjon på tanke? Ein tankevekker er unødvendig, dersom tankane ligg i koma. Kan tankar døy?

Eg tenkjar på samfunnet i Noreg, for å få inspiriasjon til eit kåseri. Ved sida av meg sit to gutar med ein humor utan make. Inspirasjon sprengar seg inn i hovudet mitt. Den vert presst inn i eit meiningslaust blogginnlegg med sitat frå klassekameratane mine. Gjev det meining?

Huff

No comments: