Thursday, September 2, 2010

Løv dalar og skyene gret

Trea står stolte og grøne. Ein og annan kvit ulldott har lurt seg fram over oss. Dei svevar fredeleg rundt på den lyseblå matta. Fuglane syng glade melodiar og humlene står med hovudet inn i ein blome med rumpa rett til værs.

Enn så lenge.

Min gode ven Helga har reist. Det same har Mari M, Eirill, Malin, Kristin og fleire! Alida og Rebekka har nokre travle dagar att før dei óg seier takk og farvell for i år. Sjølv pendlar eg einsam att og fram mellom Bryne og Stavanger på kveldstid. Skulen er grei, men å vere privatist er ikkje det same som vidaregåande.

Løva på det store treet rett over gata byrjar forsiktig å skifte farge. Snart fell dei av. Ulldottane på himmelen blir til gråe lastebilar, som berre ventar på å få åpne lemmen og la vatnet fosse. Hausten kjem, og han kjem snart. Eg tykkjar det er trist.

1 comment:

Rebekka said...

Søte, snille deg. you will be in my heart for as long as I live. Tenk å sitte på Gamlehjemmet med deg, og de andre. Sitte og tenke på de crazy minnene som vi gjorde i vår ungdom. Tenk så kjekt. Gler meg ! Du er så søt jeg får lyst til å knuse deg i tusen klemmer. My sweeatheart, love you soo much! <3